Hornindal og regionen

Knausen Hyttegrend ligg sentralt i eit velkjent turistområde. Herfrå kan ein ta dagsturar til Geiranger, Briksdalsbreen, Stryn Sommarskisenter, Vestkapp og omlag 1,5 timars ferjefri kjøyretur til fuglefjellet på Runde.

Hornindalsnaturen byr og på mange høve til turar, både i dei mange seterdalane og fjelltoppar på opptil 1700m. I Hornindal finn ein Hornindalsvatnet, som er Europas djupaste innsjø og eit godt utganspunkt for ulike vassaktivitetar.

Snøtilhøva er spesielt gode, og om vinteren står fleire kilometer med preparerte løyper til disposisjon. Knausen Hyttegrend ligg midt mellom fleire alpinanlegg: Hornindal Skisenter, Ullsheim, Stryn Vinterski, Harpefossen, Strandafjellet, Volda Skisenter og Ørsta Skisenter.

I sentrum finn ein mellom anna daglegvarebutikkar, bensinstasjon, frisør, hotell samt Anders Svor Museum.

Meir informasjon om Hornindal og regionen finn du på nordfjord.no.
Knausen Hyttegrend
Gausemel
6763 HORNINDAL
Norge

Telefon: (+47) 57879612 / (+47) 48042750
Faks: (+47) 57879612

E-post: post@knausenhyttegrend.no

Org.nr.: NO-984957297MVA